torsdag 10. november 2011

Klein!

Herrejemini, eg har vore klein i heile dag... Blei ein sein kveld i går for å seie det sånn! Trur eg har sove i berre nokre få timar. Då er det ikkje noko som er betre enn å kome heim etter ein lang dag på jobben og ta seg eit stort glas med lunka bringebærsaft. NAM seier eg berre. Hadde det ikkje vore for safta, hadde eg kanskje sett ut som han fyren på biletet. Lurer på kva dei blåe greiene er, kanskje han hadde tarmstein etter å ha ete blåbær med melk. (Det er godt, då). Tarmstein er forresten ikkje særleg gode greier, så prøv å halde dykk unna dei små stilkene som ofte finst på bær. Men viss uhellet først er ute, er ikkje gode råd vonde å be frå meg... ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar