onsdag 4. april 2012

Påsketid

No er det endeleg påske att, folkens, og de veit kva det betyr:
Godteri

Eg legg ikkje skjul på at eg er ein STOR godteri-fan, og no i påska er det tid for å skeie litt ekstra ut! Var på storhandel i dag, og da blei det litt ekstra tid i dei siste hyllene før kassa (ganske lurt av dei å plassere godterihyllene rett foran kassa!). Eg passar jo som oftast på vekta, men i desse familie-tider skal ein jo unne seg noko godt ;-) Eller kva seier de? Bør ein telle kaloriar heile tida? 

Det synst no ikkje eg ;-)


 




 "Nam, nam"




 

 


God påske


tirsdag 3. april 2012

Bald and really beautiful


Det er ikkje til å stikke under stol at det har vore ein del ubehagelege og til tider ekle bloggpostar på fittebitaren. Eg vil difor nytte høvet til å gje bloggen eit dytt i ei ny og betre retning:



I dag kjem eg med eit gledesbod: Mattel har byrja å produsere Barbiedokker utan hår (bald and really beautiful). No ventar eg i spaning på ein skalla Ken og ei Barbie med grått hår og rynker.


Kor lang tid vil det ta før Barbie vert overvektig og Ken får manboobs?


Eg har alltid stilt spørsmål ved Barbie-slekta si formeiringsevne, og tykkjer at tida er inne for at Barbie og Ken får kjønnsorgan.


lettare sagt enn gjort


Nysteikt!

Kva skal vi ha til dessert?, spurde ho