lørdag 31. desember 2011

fredag 30. desember 2011

nytt år

nytt år, nye mulegheiter.
eg avslutta 2011 med ein frukost som slår alle pølse-sigrid sine ned i sølepyttane:
















(hehhe, speglvendt, hehehe)
den beste vegen til god helse.
sunt og godt ;)

tirsdag 27. desember 2011

Julehelsing

Hei, hei folkens! No er det jul igjen. Som kvart år blir det mykje god mat, og i år er ingen unntak. Ribbe, pinnekjøt, svor, pølser, medisterkaker, lutefisk, pepperkaker osb. Det er ein av grunnane til at eg elskar jula. Har vore med heile familien i år og berre kost meg. No er det romjul, og det tydar meir mat! Må vere lov å skjeie litt ut no i desse tider ;-)







God jul frå meg til dykk!

Pikker, vin og sang

Sånn har jula mi vore:






























God jul frå Det norske selskap og Lutefisk-Trine

tirsdag 20. desember 2011

Vi er her att!

Hei alle lesarar! Lenge sidan sist, men no har vi tenkt å ta dykk meir seriøst!
*Fortsetting følgjer*

lørdag 26. november 2011

ZOMG

HERREGUD, gutar altså :P Dei er dust då

DADDY DJ PLEAZ TAKE ME TO THE PARDY AND LET ME DANCE ALONE

party hardy drink bacardi. nam nam.

fredag 11. november 2011

Ventar på ro

Eg ventar og ventar
kor finn eg ei ro?
eg ligg her i senga
men plass er til to
ein flott kavalkade
på fjernsyn i kveld
heilt greit, heilt aleine
kven tenner min eld?


(Berre eit lite dikt eg skreiv her om dagen, var litt "einsam" kan ein seie, hehe. Eg såg fjorårets nyhendekavalkade på TV, og då har eg berre éin ting å seie: fy flate for ei merkeleg verd vi lever i! Klarte nesten ikkje å sjå halve programmet, eg vart så overraska over alt det merkelege som skjer... Skal det vere greit å drepe uskyldige menneske berre fordi dei er diktatorar? Ein må ikkje gløyme alt dette om menneskeverd. Nok om det.)


Tenkte eg skulle ha med eit bilete av dagens middag òg, har jo blitt tradisjon å skrive litt om matvanene mine ;-) Er kanskje ikkje den sunnaste middagen, men er jo veldig godt med slike hamburgerbrød mest ost. Anbefalast!

torsdag 10. november 2011

11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.11.

Verda går berre ein veg. Eg vil difor nytte høvet til å gje deg ei astronomisk oppvakning. Livet vert betydeleg enklare dersom du forstår det utifrå stjerneteiknet ditt. Eg sjekka nettopp horoskopet mitt på magic.no. Sidan dagen i dag er ein svært spesiell dag (11.11.11!!), vil eg anbefale deg å stole fullt og heilt på dagshoroskopet ditt denne unike fredagen.














menneskelege kroppar og astrologiske dyr – sameint i det fullkomne vesen



For oss vannmenn:
"I dag kan du med fordel lytte godt etter hva den indre stemmen din, intuisjonen din, prøver å fortelle deg – for den har sikkert rett."




















Idag skal eg lytte til mi indre stemme ;)

Klein!

Herrejemini, eg har vore klein i heile dag... Blei ein sein kveld i går for å seie det sånn! Trur eg har sove i berre nokre få timar. Då er det ikkje noko som er betre enn å kome heim etter ein lang dag på jobben og ta seg eit stort glas med lunka bringebærsaft. NAM seier eg berre. Hadde det ikkje vore for safta, hadde eg kanskje sett ut som han fyren på biletet. Lurer på kva dei blåe greiene er, kanskje han hadde tarmstein etter å ha ete blåbær med melk. (Det er godt, då). Tarmstein er forresten ikkje særleg gode greier, så prøv å halde dykk unna dei små stilkene som ofte finst på bær. Men viss uhellet først er ute, er ikkje gode råd vonde å be frå meg... ;-)

mandag 31. oktober 2011

Ei kjærleikshistorie

Det er på tide at de får helse på ein god ven av meg, nemleg hunden min, Kjell Mikkel! Han har vore eit høgt elska medlem av familien i 8 månader, og alle blir meir og meir glad i han for kvar dag som går. Kjell Mikkel er litt av ein lurifaks, som ikkje lar seg stoppe av litt kjeft ;-). Han er ganske så vilter og elskar å møte nye menneske. Han likar å sniffe dei på tissen. Ein rar ting eg har lagt merke til er at Kjell Mikkel er spesielt glad i å sniffe jenter som har mensen på tissen. Lurar på korfor... Kanskje han veit noko som ikkje vi veit? ;-) Men eg er like glad i han, sjølv om han er irriterande av og til.
Er han ikkje søt? Veit ikkje kva eg skulle gjort uten bisken min.

torsdag 27. oktober 2011

Det ondes problem

Nokon fleir enn meg som har så dårleg tålmod at dei ikkje orkar å vente på at oboyen skal synke ned i mjølka? Det er greit viss ein likar mjølk og sjokolade separat, men eg likar ikkje mjølk særleg godt. Eg ba om sjokolademjølk, ikkje sjokolade PLUSS mjølk :-p




Er forresten ikkje oboy eg drikk her på biletet. Fann berre eit gammalt bilete av då eg drakk Happy Quick som er sjokolademjølpulveret som seljast på Rema 1000. Berre 19 kroner for 800 gram, ganske billig! Nesten som oboy, berre ikkje LIIIKE godt! Men det duger for oss fattige... Hehe.

onsdag 26. oktober 2011

Sjå møya skal verta med barn og føda ein son

så kom tida då ho skulle føda:



God og rask frukost!

Her er det første innlegget på bloggen. Det er eit frukost-tips. Det er lett å lage, berre sjå her:

Det består enkelt og greitt av blåbær (frosne som har tint), banan og mjølk. Mjølka blir blå av blåbæra. Dette laga eg i går, og er ein av mine favorittar. Men hugs å ta bæra ut frå frysaren nokre dagar i forvegen. ;-)